- ditt ungdomslag i Ålesund!

Velkommen til salsa!

SALSAGRUPPA ER FOR TIDEN UTEN AKTIVITET grunnet mangel på instruktør. Vi beklager!

Salsagruppa ved Ivar Aasen i Ålesund Vi er ein gjeng som ein gong i veka kjem saman og dansar salsa. Vanlegvis dansar vi cubansk stil, med vekt på Rueda de Casiono. Det blei tidleg i februar 2013 arrangert kurshelg med ulike dansenivå, og utover våren vil det på dansekvelden bli gjennomført repetisjonar av det vi har lært. Av og til arrangerer vi òg fredagssalsa som er ein meir sosial og uformell samankomst. I slike samanhengar dansar vi både LA, cubansk, cha cha cha og bachata. Fredagssalsa blir annonsert fortløpande på mellom anna heimesidene til Ungdomslaget Ivar Aasen. Tidspunktet for danseøvingar: Onsdagar kl 1930-2130. Stad: Sorenskriver Bulls gt. 4 (rett overfor inngangen til SAS-hotellet i sentrum). Inngang dansekveld: kr 30,-  Du er hjarteleg velkomen,- både med og utan dansepartnar!

Salsa Danseforma salsa Salsa er ei danseform som har opphav i den cubanske Son (rundt 1920-talet) og Afro-cubansk dans (spesielt Rumba). Salsa er ein veldig populær dans i heile den latinske verda, og spesielt i Latin-Amerika. Salsa kan dansast som pardans, slik for eksempel Los Angeles-stilen (LA), eller som cubansk stil. Cubansk salsastil kan òg dansast som ringdans der para står i ein sirkel. Denne siste danseforma kallast Rueda de Casino, og er veldig sosial og fått auka popularitet i Noreg òg. Du kan lese meir om denne danseforma her: http://www.ruedastandard.no/ Her er òg Youtube-lenke som viser ulike figurar og danseformasjonar. Musikken salsa Musikken voks fram i andre halvdel av 1900-talet blant latinarar i New York. Musikken er ei blanding av cubansk og puertoricansk musikk, blanda med rytmer frå jazz og afrikansk musikk. Her er nokre nettstader som gjeld kurs og arrangement: http://www.salsanordic.com/ http://www.salsasite.no/ http://www.salsakompaniet.no/ http://www.danseglede.no Kontakt-personar: Arne Kvalvik, mobil 99 22 49 94 eller arne_kvalvik@yahoo.com

| Mer++