IMG 2333b

Litt om dei som kjem og byen dei kjem frå.
Byen Dubno med ca 30 000 ib., ligg i Rivne fylke vest i landet. Kommunen har eit aktivitetshus for ungdom. Det er ein statleg institusjon og er delvis styrt av departementet for utdanning. Kommunen held hus og lærarar. Penge til utstyr, material etc må foreldra og andre hjelpe til med. Det er også foreldra og barna sjølve som syr kostymer, drakter og liknande.I huset er der fem avdelinger (klubber) med tilsaman fleire hundre barn og unge. Der er aktvitetar som dans, sang, musikk, dukketeater, papirbretting, maling, forming, turar i naturen med overnatting ute osv. Barna er fra 6 til 18 år gamle. Dei er i grupper på 5-15 barn, over 80 grupper.

Dei fleste har timar der etter skulen frå klokka 14 til 18. Hovedformålet med aktivitetane er utdanning, å skape humanitære verdier og sunn livsstil. Dei arrangerer idrettskonkurransar, utstillingar mot narkotika, røyking og alkohol. Nokre av klubbane er bundne saman med skulefaga, men dei har ikkje ordinær undervisning. Barna er ikkje nøydde til å gå dit, det er opp til dei sjølve om dei vil gå. Barn går til ordinære skular om morgonen, og så har dei ekstra aktivitetar i ungdomshuset. Barn frå alle skulane i byen besøker denne organisasjonen. Mange foreldre er også interessert i å få sine barn til å besøke denne staden fordi dei då veit kor barna er etter vanleg skule for eit par timer, to-tre gonger i veka.

Foreldra treng ikkje betale for besøka i ungdomshuset, og det er også viktig. Sidan tilbudet er gratis, er svært mange av barna der frå fattige familiar. Ei vanleg månadsinntekt i Ukraina for t.d. ein lærar er om lag 1000-1200 UAH, det er om lag 5-600 kroner med dagens kurs. Ingen av barna har altså midler til ein slik tur, heller ikkje til utgifter som reisepapir eller lommepenger.

 

Kven og kva er så Ungdomslaget Ivar Aasen?
Kjerneverdiar i ungdomslaget er basert på toleranse, menneskeverd, tradisjonar og rusfri samverskultur. I ungdomslaget skal alle kunne finne ein trygg og inkluderande møtestad, der ein vinn respekt for ulik livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn. Ungdomslaget skal medvirke til levendegjering, formidling og videreutvikling av folkelege kulturuttrykk. Ungdomslaga har ein aktiv og positiv samværskultur. Dei rusfrie møtestadane i ungdomslaga skaper trygge og inkluderende miljø og skal være opne arenaer for kreative tankar og idear til ny aktivitet. Ungdomslaga er opne for alle generasjoner, og aktivitetane er retta mot menneske i alle aldrar. Ein del av aktivitetane i ungdomslaga skal likevel være retta mot barn og ungdom.
image 2
Skodje Lions har i fleire år støtta aktivitetshuset med brukte datamaskiner, filmlerret, skulesaker og videokanon i tillegg til 10 nye maskiner i 2014. Ungdomslaget driv med mykje opplæring av barn og unge i tradisjonell folkekultur, som felespeling, folkedans og meir moderne danseaktivteter. Under besøket vil vi legge stor vekt på å få unge frå distriktet her saman med dei som kjem. Det vil verte felles arrangement og turar der ein håpar at mange kan finne seg vener for ettertida.