- ditt ungdomslag i Ålesund!

Ottar Grepstad: Ivar Aasens sans for språk

To bøker, ein mann og mange språk

Ottar Grepstad kjem til ÅLESUND laurdag 19. oktober kl. 19:30 på Lagshuset til UL Ivar Aasen i S. Bullsgt. 4:

Gripande forteljing om Ivar Aasen

– Ivar Aasen fann eit språk, og eg fortel om livet og verket hans i mange fargar og med mange uventa nyansar. Det seier Ottar Grepstad før han LAURDAG 19. OKTOBER fortel historia om Ivar Aasen i Ungdomslaget Ivar Aasen. Då les han også frå den kritikarroste biografien som inneheld mykje nytt og uventa om det du trudde du visste om Ivar Aasen.

I Ålesund samarbeider Ungdomslaget Ivar Aasen med Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget om arrangementet.

Grepstad_Ottar foto Lars O Flydal
Grepstad_Ottar_historia om Ivar Aasen
Grepstad, Ottar_Språksansen
Turné med 30 arrangement
No reiser forfattaren land og strand rundt for å fortelje og lese frå «Historia om Ivar Aasen». Turneen har fått namnet «Ivar Aasens sans for språk», og nokre stader snakkar Grepstad om den andre boka han har gitt ut i haust. «Språksansen» er ein kalender om all verdas språk med ei ny forteljing om språk for kvar dag heile året.
Før Språkåret 2013 er omme, har Grepstad køyrt over 5000 km i bil og presentert bøkene på nær 30 stader i inn- og utland.
 
Terningkast 6
Kritikarane er begeistra, lesarane sender lange takkebrev til forfattaren, og responsen frå publikum har vore svært positiv på dei stadene Grepstad alt har vore.
Boka har fått uvanleg god omtale. Den strenge kritikaren Sindre Hovdenakk i Verdens Gang trilla terningkast 6. Betre kan det ikkje gjerast, ei formfornyande bok, folkeboka om Ivar Aasen, er noko av det kritikarane har framheva. Boka er no trykt i nytt opplag og er til sals til spesialpris etter kåseriet.
 
Over 25 bøker
Til dagleg er Ottar Grepstad direktør i Nynorsk kultursentrum som eig og driv både Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Dei nynorske festspela og Ulvik poesifestival. Han har gitt ut over 25 bøker og fekk i 1999 Norsk språkpris, ein av dei fremste bokprisane for sakprosabøker i Noreg.
 
 
Kritikarane om ”Historia om Ivar Aasen”
Sjelden har jeg vel lest en biografiforfatter som viser tilsvarende oversikt og forståelse for sitt stoff. Samtidig som han lykkes med å kombinere rikt engasjement, stor fortellerglede og skarpe analyser.
Sindre Hovdenakk, Verdens Gang
 
Boka er lettlest, opplysende og god - den blir mer og mer interessant for hver side ... . Bedre gave til Ivar Aasen på hans fødselsdag den 5. august kan vanskelig tenkes.
Arne Dvergsdal, Dagbladet
 
«Historia om Ivar Aasen» er mer enn velskrevet, den er formfornyende.
Ivo de Figueiredo, Morgenbladet
 
«Historia om Ivar Aasen» gjer han til eit levande menneske med sterke og svake sider.
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
 
Takk til forfattar og forlag for fascinerande bok. Ta og les!
Paul Odland, Dagen
 
Ottar Grepstad har skrive folkeboka om Ivar Aasen. I «Historia om Ivar Aasen» er Grepstad nettopp historieforteljaren. Og han fortel ei svært fengslande historie. Språket er lett, enkelt og variert.
Gunnstein Akselberg, Hordaland
 
Kunnskapsrikt, godt fortalt, engasjerande og imponerande kortfatta. Som populærvitskap – som eit «dette veit vi om Aasen no» – kan det knapt gjerast betre.
Jan Inge Sørbø, Klassekampen
 
 
Ottar Grepstad 
Fødd 1953 i Øyer, oppvekst i Ryfylke, gymnas på Bryne, norsk hovudfag i Bergen. Han har vore direktør i Nynorsk kultursentrum sidan 1999 og hovudredaktør for nettleksikonet Allkunne frå 2007. Har i Språkåret 2013 gitt ut både «Historia om Ivar Aasen» og «Språksansen. Kalender om all verdas språk».
 
 
Fotokreditering
Lars O. Flydal
| Mer++