- ditt ungdomslag i Ålesund!

FolkOrg arrangerar kurs og kulturhelg

Storkurs i Bergen 21. - 23. september

Stort kurstilbod

2.000 kroner i kursstøtte til medlemmar i Møre og Romsdal Folkemusikklag :)


Kursa er retta mot heile breidda av FolkOrg sine medlemmer. Dei ulike tema i kursprogrammet er mellom anna rekruttering, stønadsordninger, mediehåndtering og kurs i tradisjonskunnskap / dommarkurs. For dei unge vert det arrangert eigne kurs der musikken, kjeldebruk og formidling er stikkord. Kursa på laurdag og sundag skal være i BUL Ervingen sine lagshus, Gimle og Fensal.

Her finn du meir informasjon om kurstilbodet og påmelding til helga.

Prisutdeling, konsert, spelemannspub og dans
Folkelarmprisen, prisen til ”årets lokallag” og prisen til ”årets folkemusikkarrangør” vert delt ut fredag 21. september, på Schøtstuene i Bergen. Denne prisutdelinga vert annleis enn alle tidligare prisutdelingar, og den vil verta gjort på en måte som kler lokala og musikken. 

Etter prisutdelinga vert arrangementet flytta over til Ricks, der det vert opna opp for eit større publikum. På Ricks vert det servert en heilaften spekka med god folkemusikk. Denne prisutdelinga og konsertkvelden vert stelt i stand i samarbeid med Columbi Egg, og ein kan forventa eit program i Columbi Eggs ånd – variert, akustisk, solid og fylt med mye godt humør! Det er dette som er Hurra-konserten! - ein festkonsert med løs snipp. Her kan du sjå og høyre Annbjørg Lien, Kvedarkvintetten, Sigrid Moldestad, One Way Out og Gabriel Fliflet, med fleire. Vinnarane av dei ulike prisane vert óg presenterte under konserten på Ricks.

Laurdag kveld spelar mellom andre UTLA opp til dans på Gimle. UTLA sin musikk er sjeldan i norsk og internasjonal samanhang. Trioen, som består av hardingfelespelar Håkon Høgemo, Terje Isungset på perkusjon og Karl Seglem på blåseinstrument, skapar ærleg musikk på eigne premissar. I tillegg til UTLA får de óg møte andre lokale musikarar. Dansekvelden vert arrangert i lag med lokale lag. Dette er eit alkoholfritt arrangement, men det vert spelemannspub på puben ”Kristall” som ligg vegg i vegg med Gimle.

Velkomen!

Her finn du meir informasjon om priser, overnatting og anna praktisk informasjon

* melder du deg på etter 5. september dobles kursavgiften, og er da på 400 kr.
 

| Mer++