- ditt ungdomslag i Ålesund!

Futt og Fart og juniorgruppa i hardingfelelaget stilte på

Sjokoladekappleik laurdag 22. oktober

I siste liten fekk vi stablet ein flokk som dro til Malmefjorden i Fræna på Sjokoladekappleik.
Lagspel
Per Sjuspring

Eirik Måseidvår og Jacob Thorseth gjorde ein flott innsats i solo. Eirik er allereide ein vetaran på kappleik, mens Jacob debuterte denne gongen. Begge fekk flotte tilbakemeldinger!

Helene Gausnes Svabø deltok med flott song. Mange vers av Kråkevisa gjorde lukke! Helene er glad i å synge, og det viser godt! Kjempeflott!

I lagdans synte vi Per Sjuspring. Dette er ein gamal bryllauspsdans som vi lærte av Magne Kleiveland i vinter med oppfrisking for dei som var med til Austerrike. Dansen er vill og galen og ungane må vise god balanse og lytte på musikken! Flott tilbakemelding frå domarane, sjølv om fleire av våre ungar allereide hadde fordufta då uttalen kom :) (litt svak informasjon om korleis dette skulle vere, og litt kaos sidan vårt danseinnslag var første startnummer). Etterpå viste det seg at nokre dommarar trudde dette var noko vi hadde komponert sjølv. Kanskje dei ikkje fylgde så godt med i timen då vi presenterte oss?

Flott kommentarar fekk vi også for lagspelet. Her fekk ungane i Futt og Fart god forsterkning frå juniorane pluss frå Johan Rafteseth som hadde fått låne ei hardingfele i dette høvet. Vi spelte Polka frå Shetland og Johan spelte 2. stemme som han hadde lært hos Vidar I kulturskulen. Bra jobba, Johan! Flott og fyldig lyd og lausstrengskomp frå Victoria, og dommarane kommenterte at vi spelte reint - jippi!!!

| Mer++