Hei

BUL Molde har no avslutta sesongen på heimebane, men det blir meir dansing etter påske.

Onsdag 27. april kl. 20.30 inviterer Romsdal spelemannslag til felles øving på Reknesstabburet. På desse kveldane har det vore mykje gammaldans og elles litt variert musikk, sjå Bygdaliv. Kjønnsbalansen har også vore rimeleg bra, og dansarane byter på, så alle får danse. Møt opp og dans til levande musikk!

I helga 6.-8. mai skal ein stor gjeng til Røros-leken. Før det skal vi øve på samdansprogrammet saman med Rauma Leikarring. Tysdag 3. mai kl. 19.45 i Ungdomssalen ved samfunnshuset i Isfjorden. Lenker og alle detaljar i Bygdaliv. (Det er sjølvsagt lov å komme sjølv om ein ikkje skal til Røros.)

I mellomtida: God påske - og tips meg dersom du kjem over eit danse- eller folkemusikkarrangement som eg bør nemne i Bygdaliv!

Helsing BUL Molde v/ Lars Staurset

Bygdaliv: http://bulmolde.no/ (det er nok å skrive bulmolde.no)

lars.staurset@online.no Tel. 905 67 621