Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vi tar gjerne imot nye medlemmer!

Medlemskontingent

Formålsparagrafen vår seier dette om føremålet med laget: Laget samlar lands- og byungdom i Ålesund og omland til samvær og arbeid for norsk mål, sed og skikk.

UL Ivar Aasen blei stifta i 1905.

Laget har i dag mange ulike aktivitetstilbod innan folkemusikk og folkedans; Folkedansgruppa, Spelemannslaget, Hardingfelelaget, Toradargruppa og sist, men ikkje minst det nystarta prosjektet Futt og Fart som tilbyr musikk og dans til born i alderen 8 - 12 år.

Alle gruppene i laget har øvingane sine på lagshuset i Sorenskriver Bullsgt. 4, i same kvartal som Thon-hotellet og vis a vis SAS-hotellet.

Medlemmane i laget reiser på mange turar i lag. Kvar haust er det felles tur i nærområdet. Fleire dansarar og spelemenn har delteke på kappleikar (tevlingar) i fylket og på landsplan. Og i ei årrekkje har laget reist på mange utanlandsturar.

Laget eig i dag lagshuset i S.Bullsgate og "Høgda", hytta på Emblemsfjellet. Medlemmene kan nytte begge deler til ei særs rimeleg leige.

Ungdomslaget er tilslutta Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag (SFU) som er regionslaga på Sunnmøre tilhøyrande Noregs Ungdomslag. Medlemmer i Spelemannslaget og Hardingfelelaget er også knytt med eigen kontingent til FolkOrg (tidlegare Landslaget for Spelemenn). Denne medlemskapen opnar for at dei kan delta på kappleikar som fylkeskappleikar, distriktskappleikar, landskappleikar og landsfestivalar.

Medlemskontingent i UL Ivar Aasen:

Vaksne (over 16 år) kr 500,-

Born (under 16 år) kr 200,-

Familiemedlemskap kr 1.000,-

Kontingent FolkOrg - Vaksne kr 250,-  Born kr 75,-
FolkOrg tilbyr også Bunads og instrumentforsikring >100.000,- kr 430,-

 

Eg vil gjerne bli medlem i UL Ivar Aasen
*
Vi treng namnet på dei som skal vere med i familiemedlemsskapen
| Mer++
Ungdomslaget IVAR AASEN
Sorenskriver Bulls gt. 4, 6002 Ålesund