- ditt ungdomslag i Ålesund!

STORKURS 21. mai 2013 og KONSERT 22. mai

med Folkemusikkgruppa Frøholm/Tillung

KURS

Tysdag 21. mai samler vi alle musikkgruppene til kurs saman med duoen Frøholm/Tillung. Her blir det tilbod til Spelemannslaget, Hardingfelelaget, Toradargruppa og til ungdomsgruppa Futt og Fart!

I tillegg er kurset åpent for andre interesserte - ring Leikny på telefon 90958013 om du vil vere med!

KONSERT

Desse to tøffe damene spelar frisk vestlandsmusikk med gneist og briljanse. Britt Pernille si hardingfele saman med Irene sitt akkordeon gjev eit variert musikkbilete med rom for både vare tonar og groovy hallingar.

(PSSST! Og så er Britt Pernille solist med Ålesund Symfoniorkester 17. mai!)

SPELEKURS                                                                                                                                                                                  Stad: Lagshuset i Sorenskrivar Bullsgt. 4 i Ålesund

Tid: kl. 18 - 22 (ein kan delta på deler av kurset)

Instrument: Hardingfele/vanleg fele, trekkspel, toradar.

LYTT HER!

KONSERT Onsdag 22. mai blir det konsert med gruppa Frøholm/Tillung på lagshuset kl. 19:00. Her blir det også samspel med elevar frå kvelden før. Etterpå blir det dans for alle!

Desse to tøffe damene spelar frisk vestlandsmusikk med gneist og briljanse. Britt Pernille si hardingfele saman med Irene sitt akkordeon gjev eit variert musikkbilete med rom for både vare tonar og groovy hallingar.

Irene Tillung - trekkspel
er ifrå Voss, men er no busett i Oslo. Har etter endt utdanning ved Norges
Musikkhøgskule livnært seg som musikar, og turnert mykje både her heime
og utanlands.

Britt Pernille Frøholm er hardingfelespiller fra Hornindal i Sogn og Fjordane og har folkemusikktradisjonen derfra som sin basis.
Hun har også en Mastergrad på hardingfele fra 2006 der hun jobbet med samtidsmusikk og forsket på nye teknikker for hardingfele, og har på denne måten klart å skape sin særegne signatur i sitt spill.


Britt Pernille er en allsidig musiker som siste årene har gitt ut flere kritikerroste plater innen flere ulike sjangre, fra tradisjonell folkemusikk til fri improvisasjon med storband.
17. mai i år er Britt Pernille solist med Ålesund Symfoniorkester.

Sjekk kulturkalendaren til Ålesund Kulturkontor her!

| Mer++