- ditt ungdomslag i Ålesund!

Energisk musikk fra Shetlandsøyene

Konsert med Aamos

AAMOS er eit splitter nytt band som har blitt til på eit kjøkken i Oslo for å spre den særeigne og energiske fele-tradisjonen frå Shetland gjennom Noreg og vidare!

Dei spelar hovudsakleg slåttar frå denne tradisjonen, som rituelle brureslåttar då ein skal spela brura til sengs på bryllaupsnatta, rolege lydarslåttar og sjølvsagt kvikke og svingande rilar som Shetland er mest kjent for.

 Ein finn også mykje likskap til norske slåttar i repertoaret som bandet også tar nytte av i låt-setta sine.

Det er Shetland-felespelarane Kevin Henderson og Mark Laurenson saman med den norske gitaristen Vidar Skrede som står bak dette bandet. Musikken som kjem ut av dei to felene og gitaren har eit uttrykk med som spenner seg frå djupt rørande kjensler til lystig og eggande kraft.

AAMOSs byr på eit ytterst levande samspel!

Kevin Henderson er frå Lerwick på Shetland. Han er kanskje mest sett i velkjente band som det shetlandske superbandet, «Fiddlers Bid», det skotske bandet «Session A9», og i eit av dei mest kjente banda i Britisk og Irsk folkemusikk si historie, «Boys of the Loch».For meir informasjon: www.myspace.com/kevinhenderson

Mark Laurenson, frå Bigton på sørsida av Shetland vann «Shetland’s young fiddler of the year» i 1999 og var finalist i «the Scottish Young Traditional Musician of the Year» i 2003. Mark har turnert i Estland, Belgia, Noreg, og gjennom heile England og Skotland. Han er kjent frå Shetland-banda «Drop the Box» og «Fullsceilidh Spelemannslag». For meir informasjon: www.myspace.com/marklaurenson

Vidar Skrede er frå Rogaland, spelar hardingfela, vanleg fela og gitar. Han har master i nordisk folkemusikk ved Den Kungliga Musikhögskolan i Stockholm, og er med i velkjente band som «Geitungen», «Vidar Skrede DYNAMO BAND» og «The Secret Carpet Club». For meir informasjon: www.vidarskrede.no

| Mer++