Hytta har 45 sengeplassar fordelt på 9 soverom. Den som leiger må sjølv ha med sovepose/dyne, laken og putetrekk. I storsalen kan det dekkast til 70 personar. Her fins både stereoanlegg og prosjektor.

I underetasjen er der 3 toalett, 9 dusjar, badstu og vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel

Eit flott uteområde tilrettelagt for grilling og ein stor danseplatting med scene. Eit fint utgangspunkt for fjellturar på Emblemsfjellet eller fiske i Røssevollvatnet.

Høgda er elles godt utstyrt: Kjøkken med storhushaldningskomfyr, kjølerom og oppvaskmaskin. Kvardagsservice høyrer med i leigeprisen. Finservice, glas og bestikk kan leigast.

Det er køyrbar veg heilt fram til hytta, men om vinteren vert ikkje vegen normalt brøyta heilt fram til hytta. Ein må då parkere ved Eikenosen der det er stor parkeringsplass som vert brøyta av kommunen heile vinteren.

Kontakt e-post: hogda@ulivaraasen.no
Tlf: 970 86 269