• Lagspel fele rekrutt: Plunder (reinlender) og Diltespringaren
  • Halling rekrutt
  • I tillegg skal Futt og Fart felene vere med hardingfelelaget på første slåtten laurdags kveld (sjå under)
  • Songgruppe

Hardingfelelaget er påmeldt med:

  • Lagspel hardingfele
  • Lagspel hardingfele med komp (her skal Futt og Fart spele saman med laget på den første av 5 slåttar til dansespel om kvelden)

Overnatting:

Vi har ordna overnatting i Tafjord 14 km frå Valldal sentrum. Huset er nytta til Bed/Breakfast og har ca 10 sengeplasser pluss høve til flatseng. Der er 2 bad m/dusj og toalett + 1 ekstra toalett, oppvaskmaskin og fullt kjøkkenutstyr. Alle må ha eige sengetøy. Vi må rydde etterpå, men slepp å vaske :)


Kva er ein kappleik?

For dei som ikkje har vore på kappleik før, kan vi informere litt.

Kappleik er ein tevling mellom utøvarar i folkemusikk og folkedans.

Det er ulike tevlingsgrupper: Solo spel på fele og hardingfele, eldre folkemusikkinstrument (lur, bukkehorn, langeleik, tromme..), song, toradar, gruppespel og lagspel, bygdedans (springar, rull, halling...), lagdans, og kanskje endå meir...

Det skiljast i alder og i kvalitet. Unge under 18 år, vaksne i klasser etter alder (under/over 60 år) og kvalitet (klasse A har kvalifisert seg til dette på Landskappleik).

Kappleik er ein møtestad for oss som driv med folkemusikk og folkedans. Og når ein har vore på kappleik, blir ein lett ein medlem i den store "folkemusikk-familien". Kappleikar har som mål å mønstre breidde, men også kvalitet. Tevlingsmomentet skjerper utøvarane til å yte sitt beste.

Det er eigne klasser for unge utøvarar under 12 år, rekruttklasse. Alle deltakarar her skal premierast. Elles er det litt ulik praksis kva premiering vedkjem. Ofte blir det kåra fylkesmeistrar i ulike greiner.

Kappleiksmiljøet har ein unik samansetjing av aldersgrupper - her møtast alle generasjoner!

Her er informasjonen vi har fått frå Valldal Spelemannslag:

Tid – Stad

Vert halden i Valldal, i lokala til Syltemoa Skule og Valldal Samfunnshus. Tidspunkt: 09.-10-april 2011. Tevlinga vil starte kl 1200. Opning kl 1130.

Overnatting

Det er sendt ut eige skriv til medlemslaga, med namn og telefonnummer til overnattingsbedrifter.

Mat

Det vil verte kafe på kappleiksområdet begge dagar. Søndag vil det også verte frokostbuffe.

Middag laurdag vil ein få kjøpe anten på kappleiksområdet alternativt Muritunet. Ikkje endeleg avklart enno.

NB. Uansett om middagen vert på den eine eller andre plassen, vil ein måtte førehandstinge dette saman med påmeldinga.

Tevlinga

Vi vil følgje stort sett same modell som på Åndalsnes, med lagspeltevlinga lagt til dansen laurdag.Vi har berre høyrt positive tilbakemeldingar om dette. Meir om dette når detaljane er på plass.

I fall middagen vert på Muritunet, vil det verte ein lengre pause for at ein skal få tid til dette.

Påmelding

Det vil berre bli høve til påmelding gjennom posten. Vi reknar med å ha papira klar like over nyttår.

Domarar

Vi ville vere svært glade for å få tips om gode domarar, som folk i medlemslaga kjenner til.

Deltakaravgift/prisar arrangement.

Kjem seinare.