- ditt ungdomslag i Ålesund!

Ei lita orientering frå

Foreldremøte i Futt og Fart 7. januar 2014

Her er ei lita orientering til foreldre og foresatte til born i Futt og Fart:

  1. Leikny orienterte om anleggsverksemd i området rundt Lagshuset i samband med den store ombygginga på Skansekaia. Vi må rekne med ein del ulempe med anleggsmaskiner, og det vil i tider bli problem med parkering i området.
  2. Hyttetur for alle i UL Ivar Aasen på Høgda i slutten av mars.
  3. Romsdalsmuseets Barneleikkarring ønskjer å besøke oss. Det blir tur til Høgda for Futt og Fart i begynnelsen av februar.
  4. 5. april er det Fylkeskappleik for Møre og Romsdal i Molde. Futt og Fart skal delta med spel, song og dans dersom borna vil.
  5. 29. mars er det  Fylkeskappleik for Sogn og Fjordane i Sandane. Futt og Fart skal delta med spel, song og dans dersom borna vil.
  6. Alderssammensettinga i Futt og Fart er ikkje slik den var planlagt. No er hovudtyngda ca 6 - 8 år. Men det er ei bra gruppe på hardingfele frå 10 år og oppover. Desse øver saman med hardingfele-rekruttane 19:15 - 20:00. Det er vanskeleg å kome med gode dansetilbod til denne gruppa. Dei blir for store til den vanlege dansegruppa tysdagane og onsdag er beste alternativet. Men då er salen utleigd til Salsa-gruppa.
  7. Dei eldste borna blir oppmoda om å melde seg på Sommerkurset på Mo i Førde kommune i juli.
| Mer++