- ditt ungdomslag i Ålesund!

Ja, med di hjelp skal det bli

ÅRETS FEST - ÅRSFEST i ungdomslaget Ivar Aasen

Laurdag 1. mars kl. 19:00 brakar det laust i UL Ivar Aasen sine lokaler i Sorenskrivar Bulls gate 4 i Ålesund.

ÅREST FEST kostar kr 350 pr. person.

For dette får du:

001
Dansefest
sommerferie

Tre-rettars middag servert frå fat - god drikke - kaffi - nattmat!

Prolog - Svall - Festleg tale - Songar - Muntre historiar.

DANSEMUSIKKEN syter "SEKSTI +" for. Det er ei 5-manns orkester. Dei spelar musikk det høver svært godt for alle å danse til, eller berre høyre på.

Du får treffe gamle kjente, finne nye kjenningar. Tenk, kor moro det vert å slå av ein prat, for det skal det verte god tid til, med folk du ikkje har tala med på fleire år.

VI GLEDAR OSS til å treffe att dei som har vore formenn og alle heiders- og livsvarige medlemmar i UL Ivar Aasen.

For at dette skal verte ein ÅRETS FEST av gamalt godt merke, treng du ikkje gjere anna enn å melde deg på og MØTE OPP. Det du må ta med, er ditt gode humør og evna du har til å ha det moro.

DÅ VERT DETTE ÅRETS FEST!

Vi fyller salen, derfor er det VIKTIG om du vil vere sikra plass, at du seier frå snarast, INNAN 1. FEBRUAR.

Bindande påmelding: telefon 91 38 58 08 Olav, 90 95 73 09 Hallstein eller på epost til styret@ulivaraasen.no

I komiteen: Ingebjørg og Jan Ove Bakke, Aud Turid Karlsbakk, Olav Wangensteen

| Mer++