Laurdag 10. mars byr vi igjen inn til Årsfest for medlemmane i UL Ivar Aasen.

Huset blir pynta til fest og vi ønskjer deg inn som gjest!

Janne og Arne Kvamme syter for utmerket mat - og komiteen har lova eksklusiv drikke.

Vi er heldige å ha mange gode spelemenn i laget, og denne kvelden deler dei på spelejobben.