Her er rapport for Futt og Fart prosjektet i 2011:

Våren 2011
Denne våren har vi hatt undervisning i fele, toradar, munnharpe, slåttetromme, song, folkedans og halling.

Heilt nytt var tilbodet på slåttetromme. Dette tilbodet varte i 10 veker med lærar Carlos Alberici, og deretter fram til sommaren med Charles Wise, begge lærarar frå Ålesund Kulturskule. Tilbodet på slåttetromme er heilt unikt, og det er vanskeleg å skaffe kompetente lærarar når disse første ikkje hadde kapasitet lenger. Det er også sprengt kapasitet i lokala våre. Tilbodet blei derfor førebels avslutta til sommaren.

Feleundervisninga er delt i to grupper etter nivå. Lærar har vore Leikny Aasen, med assistanse av Vidar Underseth og Terje Måseidvåg. Felene er stemt som hardingfeler og det er difor lett å ha samspel med hardingfelegruppa.

Toradargruppa har kummerlige forhold i eit lite rom bak scena. Men lærar Per Gunnar Beyer synest det går greitt. Tre elevar følgde denne undervisninga.

Songgruppa øver vegg i vegg med trommene på loftet. Det er vanskeleg, men vi hadde ingen andre alternativ. Lærar er Lene Tørlen Follestad som er svært ung, men dyktig på sitt felt.

Dansegruppa øver i den store salen og har flotte øvingsforhold. Folkedanslaget sine medlemmer er ansvarleg for danseinstruksjonen og musikkgruppene syter for levande musikk.

Hallingundervisning er annakvar veke med lærar Vidar Underseth. Vidar Underseth er tilsettt i Ålesund Kulturskule med hardingfele/fele som instrument. Han er også tilsett i Folkemusikkgruppa i Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Vidar er busett i Ålesund. Vidar er mellom landet sine beste hallingdansarar.

Fleire frå Futt og Fart deltok på fylkeskappleiken i Valldal i vår saman med juniorgruppa og vaksengruppa på hardingfele.

Det var planlagt hyttetur til laget sin hytte på Emblemsfjellet. Men den blei brannskadd i desember 2010, og turen måtte avlysast.

Futt og Fart deltok på konsert saman med heile laget på Blindheim Omsorgsenter og på den felles avslutninga til sommaren.

Hausten 2011
Åtte elevar frå Futt og Fart deltok på utanlandstur til Austerrike i august. Dei deltok på fleire konsertar både med dans, song og spel på fele under vårt besøk hos Volkstanzgruppe Stainz. Vi hadde fleire konsertar saman med grupper frå Frankrike, Spania, Italia og sjølvsagt frå Austerrike. Særleg stor lukke gjorde dansen Per Sjuspring som famnar både store og små.

Sidan turen til Austerrike tok hardt på kreftene, blei ikkje nytt prosjekt starta før i oktober. Dei som hadde vore i prosjektet før sommaren, starta likevel i slutten av august. I marknadsføringa av nytt prosjekt hadde vi konsert og undervisning med Futt og Fart elevane på Emblem og Spjelkavik Skole. Dette var særs populært, både hos elevane, lærarane og hos våre elevar. Spesielt moro var det at presentasjon av munnharpa blei så godt motteke.

I haust har det vore ca 8 – 10 elevar i kvar felegruppe (nye og vidarekomne elevar), 3 på song, 2 på munnharpe og 3 på toradar. Dette er vi særs nøgd med! Også denne gongen har vi fått elevar med fleirkulturell bakgrunn. Totalt ca 25-28 elevar. Opplegget er det same som før. Alle dansar folkedans og halling, deretter delar dei seg mellom dei ulike alternativa, song, toradar, fele og munnharpe.

I november fekk vi besøk av hallinggruppa i Romsdalsmuseets Barneleikarring på hytta vår på Emblemsfjellet. Dette var også særs vellukka. Romsdalingane var særs nøgd med å lære halling, og dei fekk også ei ørlita innføring i å spele på fele. Hardingfele hadde ingen av romsdalingane sett på nært hald før, så det var mange spørsmål som suste i lufta.

Utan tilskotsmidlar frå Stiftelsen Kjell Holm hadde vi ikkje kunne drive dette prosjektet på denne måten. No har også Ålesund Kommune blitt ein stor bidragsytar, saman med mindre, men gode tilskot frå Møre og Romsdal Fylkeskommune og Musikkutstyrsordninga.

Totalt har prosjektet mottatt tilskot på meir enn 500.000 (les: ein halv million :) kroner.