Det aula med folk og til slutt anslo vi dei frammøtte til ca 80!

Futt og Fart opna ballet med fleire flotte dansar. Dansegleda var på topp, og mange fekk med seg søskjen, både yngre og eldre enn seg sjølve.

Deretter fekk alle gruppene sleppe til med sitt.

Dei ferskaste felespelarane fleska til og med til med song og felespel!

I den vidarakomne gruppa har no mest alle fått hardingfeler, og fleire skal få utover vinteren. Dei spela to slåttar, og no har dei lært lausstrengskomp. Då kan dei vere med, sjølv om sjølve melodien er i vanskelegaste laget.

Toradergruppa drog til med Basarvisa og fleire til. Flott spelt!

Songgruppa var noko redusert, men Lene leia eleven sin flott gjennom songstunda!

Til slutt kom juniorgruppa i hardingfelelaget med støtte frå dei vaksne. Heller ikkje dei var fulltallige, men det låt no ikkje så værst likevel!

Deretter kom maten på bordet. Mate var spleiselag, der alle hadde tatt litt med heimanfrå. Og det blei rikeleg som det brukar å bli! Kaffe, te og brus sto laget for!

I matpausen fekk instruktørane pluss Janne og Arne blomster frå styret med takkord for fin innsats gjennom hausten. Leikny fortalde om den nye foldaren til laget som var rykande fersk frå trykkeriet same dag. Det er blitt ein flott trykksak med mykje informasjon om laget og det vi driv på med. Aktivitetsplan for 2012 og vekeplan er med, samt kontaktinfo til tillitsvalde for laget, hytta og for lagshuset.

Etter maten blei det oppbrudd for dei yngste. Dei ulike spelegruppene spelte til dans, og vi koste oss i lag til det blei tid for å dra heim.

På tampen av kvelden opna Leikny post som låg i postkassa - og der kom julegåva frå Ålesund Kommune: 100.000 kroner i tilskot til Futt og Fart! Vi hadde jo lest om det i Sunnmørsposten, men å sjå det svart på kvitt var svært gledeleg! Tenk at det går an!